Korleis har du det, eigentleg?

Illustrasjon, folkehelseundersøkinga Rogaland fylkeskommune Rogaland fylkeskommune skal i samarbeid med Rogaland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet (FHI) gjennomføre ei folkehelseundersøking i Rogaland.

Undersøkinga vil gje viktig informasjon om trivsel, velferd og helse hjå rogalendingane.

– Berre rogalendingane sjølv kan fortelje noko om korleis det er å bu og leve i Rogaland. Svara vi får i denne undersøkinga blir ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for all samfunnsplanlegging i fylket vårt i åra som kjem. Det er difor viktig at så mange som mogleg svarer. Målet vårt er at meir enn halvparten av dei som blir direkte invitert deltar. Då blir vi det beste fylket i landet, seier Marianne Chesak, fylkesordførar i Rogaland fylkeskommune. 
 
Folkehelseundersøkinga starta måndag 14. september og varer i tre veker. 
 
Om lag 74 000 rogalendingar er tilfeldig utvalde og får invitasjon til å delta i undersøkinga. Invitasjonen blir sendt via SMS og e-post. Alle andre innbyggjarar kan òg svara på undersøkinga på www.rogfk.no/fhus. Det einaste kravet er at du må vere 18 år eller eldre, og bu i Rogaland. 
 
– Vi gjev no innbyggjarane i Rogaland moglegheita til å seie noko om korleis dei sjølve opplever kvardagen sin, knytta til ei rekkje viktige område. Vi må vite korleis folk har det for å kunne utvikle eit samfunn som i større grad tek vare på og fremjer trivsel, livskvalitet og helse. Vi stiller òg nokre spørsmål om koronasituasjonen, for å få vite meir om korleis den har påverka folk sin kvardag, seier Christine Haver, regionalplansjef i Rogaland fylkeskommune. 
 
Undersøkinga er digital. Dette gjer det mogleg for fleire å delta enn i tradisjonelle telefon- eller papirbaserte undersøkingar. Det aukar sjansen for å få tilstrekkeleg med svar, slik av vi får oversikt over heile fylket totalt, men òg dei aller fleste kommunane, i tillegg til bydelar i Sandnes og Stavanger.  
 
– Informasjonen vi samlar inn i undersøkinga vil gje oss ny kunnskap til å vurdere korleis vi bruker dei pedagogiske og økonomiske virkemidla våre innan fleire fagfelt, både i fylkeskommunen og i kommunane. Grunnen til at vi berre ber om svar frå dei over 18, er at vi allereie har god informasjon om dei unge frå Ungdata-undersøkinga. Nå håper vi å få gode data for heile den samla befolkninga, seier Haver. 
 
– For å sikre eit riktig bilete av folkehelsa i Rogaland, håper vi at alle ønsker å delta i dette viktige arbeidet. Hovudutfordringa er å få dei i 20-åra til å engasjere seg, særleg unge menn. Basert på erfaringar frå Agder, er deltakinga i denne gruppa nesten halvparten av det vi ser blant dei eldste. Difor ber og håper eg spesielt dei unge svarer, seier Chesak.