Kontrakten underskriven

Kontraktskriving.jpgI dag, 29. september blei det skrive kontrakt på Bokn fleirbrukshall mellom Haaland & Thuestad og Bokn kommune. Måndag 5. oktober er det oppstart.

Bilde: Ordførar Kyrre Lindanger og Egil Magne Mortensen frå Haaland Thuestad er nøgde over å ha underteikna kontrakten.

Detaljert framdriftsplan er ikkje ferdig enno, men bygget vil vera tett i mars og ferdig 15. august neste år. Frå neste veke vil boknarane merka auka aktivitet på tomta, der byggegjerdet til karmøyfirmaet har vore på plass ei stund. Byggeleiar Bjørn Løvland seier at alt vil foregå innafor gjerdet i perioden.

På kontraktsmøtet i dag gjekk ein gjennom dokumenta og signerte avtalen til slutt.

I byggeperioden vil Haaland & Thuestad ha prosjekteringsmøter. Her vil kommunen delta etter behov.