Kondolanse

Det er med djup sorg me har mottatt bodskapen om at H.M. Kong Harald er gått bort.

Bildet viser jesambandet i Arsvågen, 26.06.1991 - Klikk for stort bileteKong Harald under opninga av ferjesambandet i Arsvågen, 26.06.1991 Rita Lindanger

Kongen har gjennom fleire tiår vore eit samlande symbol for Noreg, der han har vist klokskap, varme og eit ekte engasjement for folket.

For oss på Bokn vil mange hugse besøket hans her då Arsvågen ferjekai vart opna 26. juni 1991.
Denne dagen skapte Kong Harald ei høgtidleg ramme rundt ei viktig hending for kommunen og regionen, og det blei eit minne mange boknarar har bore med seg sidan.

Kong Harald sa ein gong: «Norge er et land med mange ulike mennesker. Vi må bygge fellesskap på tillit, respekt og omsorg for hverandre.» Desse orda uttrykkjer mykje av det han stod for som konge og medmenneske.

På vegne av boknasamfunnet sender me våre djupaste kondolansar og varmaste tankar til Den kongelege familien.
Me lyser fred over Kong Harald sitt minne.

 

 

Info frå kommunen:

Det vil bli flagga på halv stang fram til etter gravferda på kommunale flaggstenger ved Bokn Arena og Boknatun.

Det er lagt fram kondolanseprotokoll i servicetorget på Boknatun for dei som vil sende ei siste helsing.

Det er og lagt ut kondolanseprotokoll i kyrkja. Her blir det også anledning å tenne lys.
Kyrkja er open i dag frå kl 16-20.
Laurdag og sundag frå kl 14-17.

Følg med på www.regjeringen.no og www.kongehuset.no for oppdateringar ifm Kong Haralds bortgang.