Kommunal kompensasjonsordning

Bokn kommune har fått tildelt kr 250 000 i ein sjette runde til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som igjen vert råka av smitteverntiltak. Bokn kommune har tidlegare fått midlar i runde 1 og 2.

Målet med ordninga er å setje kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse.

Kommunen skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemd dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen. Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Bokn

Verksemda må dokumentere bortfall av inntekt, tap eller aukte kostnadar, og må oppgi tidlegare mottatt kompensasjon i forbindelse med Covid-19.

Støtte gis innenfor ei samla ramme på kr. 250 000.

Vurdering av søknadar

Formannskapet i Bokn kommune behandlar dei innkomne søknadene etter innstilling frå administrasjonen. 

Ytterlegare informasjon her  

Korleis søke om støtte?

Søknad skal sendast elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no 

Søknadsfrist

16/01-2022

Anna informasjon

·    Opplysningar som gis i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege etter offentleglova.

·    Ordninga følgjer reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll m.m.

Kontaktperson

For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Ingeborg Skjølingstad på tlf . 40 40 54 78 eller post@bokn.kommune.no