Kjekk bursdagsfeiring!

Rundt 240 personar var til stades då Bokn kommune inviterte heile bygda til bursdagsfest den 18. mars.

Birger Lindanger kåserer på scenen, som er pynta med ballongdekorasjonar i blå og sølv, og ballongtal; 175 - Klikk for stort bileteBirger Lindanger kåserer. Omgivnadene på scenen fortel kva temaet dreier seg om. Jardar Havikbotn

Stemninga stod bokstaveleg talt i taket då fødselsdagen til Haugalandets eldste kommune blei markert. Scenen var pynta med nydelege ballongdekorasjonar i kommunevåpenet sine fargar, både i form av høge søyler og «ballongsky» på golvet med svære tal; 175. Ingen skulle vera i tvil om kva som blei feira. Ved tribunen stod eit flott bord med kaker, kaffi og saft. Her var det klart for bursdagsselskap!

Fint program

Direkte frå formannskapsmøte gjekk ordførar Egil Våge på scenen, ønskte velkommen, framførte ei ordførarhelsing og tok så konferansiérrolla.

Bildet viser Boknakoret/Aksang i aksjon på scenen. - Klikk for stort bileteSom på 150 årsjubiléet i gymsalen for 25 år sidan, blei Tanya Tucker's låt “Texas, When I Die” framført. Så vil det visa seg om “Bokn, Når Eg Dør”, med tekst av Hanne Krogh/Anne Tove Øvrebø blir å høyra på 200 års markeringa i 2050. Jardar Havikbotn

Historikar Birger Lindanger kåserte om korleis det gjekk til at Bokn makta å slita seg laus både frå Karmøy og Tysvær. Han snakka mellom anna om kven Bokns «eidsvollsmenn var og korleis Haugalandets nest minste kommune har makta å halda på sjølvstende i alle desse 175 åra.

Sjå også frå NRK Rogaland:

Innslag på lokalsendinga - avsnitt 9 Direkte Bokn

Kulturskulen, med rektor Anne Tove Øvrebø i spissen, sørga for godlyd både før og etter matpausen. Ho dirigerte Boknakoret/Aksang, som saman med repetitør (pianist) Lars Johannes Liknes presenterte eit friskt repertoar med smittande musiseringsglede.  

Bildet viser Adelin Øvrebø hausta applaus etter solonummeret sitt. - Klikk for stort bileteStor applaus for solosongen til Adelin Øvrebø. Jardar Havikbotn

Me fekk også eit flott solosonginnslag av Adelin Øvrebø (9), då ho song “Over the Rainbow”. 

Presten vår, Tor Egil Eriksen, framførte ei helsing.

Spesialskrive dikt

Bokns lokale poet, Kjetil Eivind Øvrebø Hamre, hadde skrive eit glimrande dikt til markeringa. Det hadde tittelen Vegvisaren, det same ordet som Bokn betyr - og var ei oppsummering av Birger Lindanger sitt kåseri tidlegare på kvelden. 

Sjå diktet her (JPG, 678 kB)

Ordføraren runda av ein kjekke kveld. Stor takk til 9. kl. m/for. som tok seg av rigging, bordpynting, tilrettelegging av kakebord, servering, oppvask og rydding.

 

Bokns framtid

Tidlegare på den store dagen tok ordførar Egil Våge ein tur opp i barnehagen, for å prata litt med barna (Bokns framtid) om jubileet. Det viste seg at ungane var meir opptekne av ordførarkjedet enn av historia, og lurte på om det var laga av diamant og gull.

Bildet viser ordføraren og barnehagebarn, som var svært opptekne av ordførarkjedet. - Klikk for stort bileteUngane var meir opptekne av ordførarkjedet enn av historia, og lurte på om det var laga av diamant og gull. Jardar Havikbotn

I anledning bursdagen hadde også barnehagen fått eit flott fruktfat levert på døra, laga av Jareya (Noi) Våga. 

 

 

 

 

 

Fleire foto frå kvelden: