Av May Jorunn Vatnaland
Kaspian Sæbø fekk gullbilletten i år, som ligg tilfeldig i eit hus. Gullbilletten gir sjokolade😊 til bøsseberaren.
Jardar Havikbotn
8. april samla konfirmantar inn 22 865 kroner på to timar. Det betyr reint vatn til 76 personar.
Pengane som blir samla inn på den årlege fasteaksjonen, går til reint vann. Ikkje alle er heime ein tysdags ettermiddag, men der det var folk, blei dei tatt godt imot.
Hjartevarme
Ei fortalte at mannen i huset ikkje fann pengar, men seinare kom han køyrande etter dei, for han hadde funne pengar likevel😊
Nokon andre fortalte at dei blei inviterte inn, for dei måtte sjå den fine katten. Det var så mange koselege folk.
76 personar
På to timar samla konfirmantane inn 10 480 kr i kontantar. Det kom inn 12 385 kr på Vipps - toalt 22 865 kr - som tilsvarar reint vatn til 76 personar. I 2024 samla Bokn inn 27 400 kr og 21 300 kr i 2023.
Samanlikna med andre kyrkjelydar, kom Bokn sokn i 2025 på 323. plass når det gjeld totalt innsamla beløp.
Fekk du ikkje gitt?
Fekk du ikkje gitt ditt bidrag? Du kan fortsatt vippse til 2426