Julegåve til Bokn Røde Kors

"Triton" Bokn Røde Kors Dei tilsette i Bokn kommune gir i år julegåva si til Bokn RK sitt prosjekt Triton, og støttar prosjektet med 20 000 kroner.

Lars Øyvind Alvestad seier at dette er eit fantastisk gledeleg nyhende. På vegne av heile Røde Kors Bokn, styret og arbeidsgruppa for Triton, rettar han ein stor og audmjuk takk til alle tilsette i Bokn kommune.

- Ved hjelp av denne gåva er me endå eit stort og viktig steg på veg til å realisera auka beredskap i vår region og skjærgård! Tusen hjarteleg takk, og ei riktig god jul til alle i Bokn kommune!

Les om Prosjekt Triton:

Stort båtprosjekt