Omega 365 Areal AS
Omega 365 Protek AS, som er engasjert som plankonsulent for kommunen, inviterer til open kontordag måndag 16. februar i tidsrommet kl. 13.00 – 17.00 på Boknatun i Føresvik.
På kontordagen vil det vere mogleg å sjå utarbeidde skisser for området, stille spørsmål og kome med innspel til planarbeidet og den framtidige utviklinga av sentrumsområdet i kommunen.
Den opne kontordagen er lagt opp som uformell dialog med plankonsulent, der du kan seie meininga di. Dette er altså ikkje eit ope informasjonsmøte med mange tilhøyrarar, men eit alternativ for deg som ønskjer å snakke direkte med plankonsulenten.
Dersom du ønskjer å kome innom, ber vi deg melde di interesse til:
Omega 365 Protek v/Kjerstina Særsten – epost: kjerstina@omega365.com innan 01. februar 2026.
Meir informasjon og dokument i saka finn du under fanen “Planbehandlingar” her