KI-generert foto
Hørselskontaktene Tonje (ergoterapeut) og Erik (fysioterapeut) ønsker å komma i kontakt med alle personar som har nedsett høyrsel og/eller høyreapparat i Bokn kommune som ikkje har ekstra brannvarsling.
Det er stadig bustadbrannar i nyheitsbildet. Snart er det desember, ein månad med høgare førekomst av brann.
Brannvarslingshjelpemiddel
I samband med dette vil me informera om moglegheita for brannvarslingshjelpemiddel via NAV Hjelpemiddelsentral. Kriteriet for å få dekt hjelpemidla er at ein har varig nedsett høyrsel. Ta kontakt med oss for hjelp til å søka.
I følge Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap er 75 % av alle som døyr i brann anten eldre og pleietrengande, personar med nedsett funksjonsevne eller rusavhengig. Personar over 70 år har fire til fem gonger høgare risiko for å omkomma i brann samanlikna med resten av befolkninga.
Ta ein test
Mange trur at dei høyrer brannvarslaren trass i nedsett høyrsel. Me tilrår alle å testa ut om dei høyrer brannvarslinga utan høyreapparat med lukka dører frå soverommet. Det beste er om éin familiemedlem testar røykvarslaren når ein søv.
Klikk deg inn på linken for å sjekka korleis ein brannalarm kan høyrast ut for personar med høyrselstap:
Høyrer du røykvarslaren?
Ta kontakt med oss på tlf. eller e-post
Erik: tlf. 901 13 267 - erivat@bokn.kommune.no
Tonje: tlf. 489 585 75 - tonmed@bokn.kommune.no