Helsefremjande samfunn; DU er nøkkelen!

Gla'trimmen si sommaravslutning 19. juni 2019. Foto: Jardar Havikbotn Jardar Havikbotn Det er helse i å bevege seg.
Det er helse i å bevege andre.
Det er helse i å samlast til f.eks ei sommaravslutning eller over handlevogna på butikken.
Det er helse i eigenutvikling og ikkje minst: I samfunnsutvikling.
Viktigast av alt: Det er helse i å bruke stemma si i den lokale samfunnsutviklinga; ditt bidrag betyr noko.

Av Anne E. Askeland

Då Gla`trimmarane møttest til sommaravslutning i år såg dei tilbake på nok eit aktivt halvår med trim ein gong per veke. I tillegg fekk alle kortfatta informasjon om Bokn kommune sitt arbeid med rullering av samfunnsdelen til kommuneplanen. Dokumentet, Kommuneplan Bokn kommune 2019-2013, Samfunnsdelen er no ute til høyring i perioden fram til 15. august 2019.

Alle innbyggjarane i kommunen har fått eit eksemplar av kortversjonen til samfunnsdelen i postkassen sin. Alle vert oppfordra til å gjera seg kjende med han samt til å koma med innspel og kommentarar innan høyringsfristen 15. august 2019.

Sjølve samfunnsdelen (hovuddokumentet) samt meir informasjon finn du her: https://www.bokn.kommune.no/nyhende/rullering-av-kommuneplanen-sin-samfunnsdel-framlegg-til-plan-2019-2031.20366.aspx