Har du henta kalenderen din?

Kalenderframside 2020 Div. Framleis er det over 20 personar som ikkje har henta kalendrane sine.

I tråd med tidlegare kunngjeringar skal kalendrane hentast på Boknatun av dei som bur på Bokn. På denne måten kan me halda prisen på eit greit nivå. Viss nokon har problem med å henta trykksaka, ta kontakt med kulturkontoret, så finn me ei løysing.  ​​​​​​​