Det er 17. mai og Noreg prøver å komme seg tilbake til ein slags normal kvardag. Sjølvskryt er ei øving som bør gjerast med varsemd – men vi har mykje å vere takksame for, vi som bur i dette flotte landet vårt. Mange tenker straks på alle pengane landet har på bok – men det er ikkje dette som gjer oss så heldige.
Tillit
Veit du kvifor vi er heldige som bur her? Den lange versjonen har Harald Eia vist på NRK i vinter i programmet Sånn er Norge. Programmet anbefalast på det sterkaste! Har du ikkje sett dette tillèt eg meg å røpe litt – i Noreg har vi grunnleggande tillit til kvarandre!
Tilliten du og eg på det jamne viser andre er betydeleg høgare enn det andre viser kvarandre i dei fleste andre land. Og, som Eia viser – den tilliten er grunnfjellet velstanden og velferda vår er bygd på.
I mars fekk vi tydeleg beskjed: hald avstand, hald deg heime. Nokre land (som også er prega av lav tillit mellom menneska) kravde portforbod av innbyggarane sine. Vi fekk ein heilt anna fridom og tillit frå myndigheitene våre. Få forbod, men mange råd. Og tillit til sunn fornuft hos den enkelte. Og det fungerte!
Tillit er grunnen til at vi no tillèt oss å opne samfunnet gradvis igjen også. For det høyrest enkelt og logisk ut – å gradvis opne opp samfunnet igjen. Først barnehage og skule, så kom kinoen og frisørane, fotballen får snart sleppe til igjen.
Men heilt konkret – kva tid er det greitt å gå på kaffibesøk igjen hos naboen? Skal du gjere det gradvis? På trappa? Berre ein halv kopp ? Berre dersom naboen er under 65 år? Er smittefaren verre enn gleda eit kaffibesøk og ein god drøs gir?
Ditt val
Vi kan ikkje alltid gi gode og tydeleg svar på dette. Myndigheitene freista å gi så gode og konkrete råd som mogleg – men til sjuande og sist er det du som må velje. Du har fridomen, og du har tilliten frå meg. For det er summen av alt vi gjer som bestemmer smittefaren og sannsynet for smitteoverføring i samfunnet.
Eg har tillit til at du som mange andre endrar litt på det som kanskje ville vore vanleg for deg å gjere i mai. Kanskje kan kaffibesøket bytast ut med ein lengre prat over hekken. Eller at nokre besøk til den gamle slektningen blir byta ut med hyppigare telefonar.
Du treng ikkje vere den som går i front for å leve mest mogleg normalt. Vi kjem dit, men vi treng ikkje springe. Eg stoler på at du gjer ditt beste, så kan du vere trygg på at helsevesenet gjer sitt.
Gratulerer med dagen, du bur i eit land av gull – eit land av tillit!