Gratis sommartilbod til elevane i Bokn

Leikande barn. - Klikk for stort bileteLeikande barn. pixabay.com Vil du/din organisasjon eller lag vere med å bidra med innhaldet? Invitasjon til informasjonsmøte i møteportalen Teams, måndag 10. mai kl. 18.30 – 19.30. Møtelenke i artikkelen.

Trykk for møtelenke

Sommarskolen er eit gratistilbod til alle elevar i Bokn kommune som no er på 1. - 10. trinn.

Sommaren 2021 skal det skje mykje kjekt i Bokn. Me skal arrangere "Sommarskolen 2021" i veke 26 og 31, frå måndag til fredag. Når me startar påmeldinga i slutten av mai, håpar me at elevane skal kunne velje mellom både aktivitet og kva veke ein vil delta.

Felles mål for alle aktivitetar/kurs er at elevane lærer noko nytt, får faglege utfordringar i eit trygt, aktivt og sosialt læringsmiljø. Me har som mål at alle kurs har fysisk aktivitet kvar dag.

Kommunen vil tilsette ein prosjektleiar samt to aktivitetsmedarbeidarar som skal vere med å ta ansvar i sommarskulen med dei aktuelle samarbeidspartnarane, men me treng hjelp av andre for å fylle sommarskulen med spennande innhald. Her håpar me at du som sjølvstendig næringsdrivande, eller din organisasjon eller lag har lyst til å bidra med kurs og aktivitetar til dei ulike gruppene.

Me håpar på spennande aktivitetar i og på Bokn, men det er og ynskjeleg at ein ser på moglegheit for å ta grupper med på t.d. båttur, besøk på Vikinggården, symjing i symjehall, turar til turmål utanfor kommunen og liknande. Her er det berre fantasien som set grenser.

Er dette noko du tenkjer at du/din organisasjon eller lag vil bidra inn i håpar me at du vil stille på informasjonsmøte i auditoriet på skulen måndag 10.mai kl. 18.30 – 19.30.

Alle som bidrar inn med aktivitetstilbod på sommarskulen vil få økonomisk støtte. Meir informasjon om dette blir gitt på informasjonsmøte.

 Trykk for møtelenke