Gla'trimmen

Gla'trimmen startar opp att måndag 15. september!

Bildet viser Gla'trimmen i aksjon 15. januar 2020. - Klikk for stort bileteGla'trimmen i aksjon 15. januar 2020. Jardar Havikbotn

Endeleg er det klart for ein ny sesong med Gla'trimmen! 

Måndag 15. september klokka 10.00 – 11.00 inviterer me alle som vil vere med på ei kjekk og helsefremjande treningsøkt i Bokn Arena (hallen).

Gla`trimmen er eit lågterskeltilbod med fokus på bevegelse, glede og fellesskap. Tilbodet passar for vaksne i alle aldrar som ønskjer å halde seg aktive og få litt trim i godt lag.

I haust er det vår nye fysioterapeut Erik Forthun Vatnem som skal leie gruppa, og me håpar de gler dykk til å bli betre kjende med han - og at de er klar for nye og inspirerande økter!

Treninga vil vere som før, og du treng ikkje melde deg på – det er berre å møte opp med godt humør og gjerne ei vassflaske.

Velkomen til Gla`trimmen – me gler oss til å sjå deg!