Framlegg til ny reguleringsplan for Gamle Holmen Føresvik

Forvaltningsstyret i Bokn kommune har i møte 09.09.2026 handsama framlegg til reguleringsplan for Gamle Holmen.

Vedtak:  

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-10 vert framlegg til detaljreguleringsplan for Gamle Holmen med kart dagsett 09.09.2026 og føresegner dagsett 09.09.2026 samt VA-rammeplan dagsett 18.08.2026, sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst 6 veker. 

Reguleringsplanen for gamle Holmen må samordnast med reguleringsplanen for nye Holmen. Det skal vere rekkefølgekrav samt ein plan på ubebygde areal.

Planframlegget inneber endring av to gjeldande reguleringsplanar for området, og viser arealet lagt ut til sentrumsformål i fleire byggeområde, offentlege samferdselsareal, torg, gatetun, parkbelte, sjøpromenade, småbåthamn, badeområde og friluftsområde i sjø.

Plankart (PDF, 355 kB)

Føresegner (PDF, 329 kB)

Planforslag

Eventuelle merknader til framlegget må sendast til:

Bokn kommune, 5561 Bokn 
Eller e-post: post@bokn.kommune.no
innan 01.11.2026