Val-logo - Valgdirektoratet
Ukjent
Frå 11. august 2025 og fram til og med 5. september 2025 kan du førehandsrøyste til Stortingsvalet. I denne perioden kan du førehandsrøyste i heile landet. På valdagen 8. september kan du kun røyste i den kommunen du er registrert som busett pr. 30. juni 2025.
I Bokn kommune kan du førehandsrøyste på følgjande stader:
Servicetorget: mandag til fredag i tidsrommet kl. 09:00 - kl. 15:00.
Vi startar mandag 11. august med opningstid kl. 10:00 til kl.14:00. Resten av perioden vil førehandstrøystinga vere open frå kl. 09:00 til kl. 15:00 kvardagar.
Bokn folkebibliotek: onsdag 20. august 2025 og onsdag 3. september 2025 i tidsrommet 16:00 - kl. 19:00.
Førehandsrøysting frå utlandet:
Velgarar som bur eller oppheld seg i utlandet, kan førehandsrøyste frå 1. juli hos utenriksstasjonar eller oppnemnde røystemottakarar. Svalbard og Jan Mayen er omfatta av dei same reglane om utenriksrøystegjeving. Meir om korleis dette gjerast og fristar for å røyste finn du her.
Dersom du oppheld deg ein stad i utlandet hvor det ikkje er mogleg å oppsøkje ein røystemottakar kan du førehandsrøyste ved brevpost. Les meir om brevrøysting her