Forandringar på biblioteket

Biblioteksjef Thea Elisabeth Mikkelsen. - Klikk for stort bileteBiblioteksjef Thea Elisabeth Mikkelsen. Jardar Havikbotn Biblioteket forandrar opningstidene og vil halda ope i skuleferiane. Skulen får også meir tilgang til biblioteket.

Boknarar og andre besøkande vil framover merka stor forskjell på når biblioteket er tilgjengeleg.

- Bortsett frå tre stengde veker på sommaren vil bygget halda ope heile året, fortel biblioteksjef Thea Elisabeth Mikkelsen. Koperviksbuen legg til at opningstidene vil vera dei same i feriane som ellers i året.

Det vil bli lagt til rette for at lærarane alle skuledagar kan ta med seg elevar på biblioteket, også utanom opningstidene. Eit skanner-system som gjer at elevane sjølve kan låna og levera bøker, kjem også snart på plass.

Nye opningstider

Måndag

Kl. 09:30 – 13:30 og kl. 16:00 – 19:00

Tysdag

Kl. 09:30 – 13:30

Onsdag

Kl. 13:30 – 19:00

Torsdag

Kl. 09:30 – 13:30

Fredag

Stengt

 

Mange planar

Den nytilsette biblioteksjefen ser fram til vanleg bibliotekdrift når koronaperioden er over, slik at ho m.a. kan realisera alle planane sine.

Det ho kan setta i gong nå i neste veke (vinterferien), er ein lesekonkurranse for skuleelevane. Meir om det i eigen artikkel:

Lesekonkurranse