Lesekonkurranse

Biblioteksjef Thea Elisabeth Mikkelsen inviterer til lesekonkurranse for elevane på Bokn skule i vinterferien. - Klikk for stort bileteBiblioteksjef Thea Elisabeth Mikkelsen inviterer til lesekonkurranse for elevane på Bokn skule i vinterferien. Jardar Havikbotn Biblioteket er ope i vinterferien i neste veke, og lanserer lesekonkurransen Vinterles!

Vinterles! er for alle elevar ved Bokn skule. Deltakarane, som blir oppdelte etter klassetrinn, skriv opp dei bøkene som blir lesne på eit skjema, som kan hentast på biblioteket, eller eventuelt skrivast ut heime.

Trykk her viss du kan skriva ut skjemaet:

Vinterles!-skjema (PDF, 97 kB)

Biblioteksjef Thea Elisabeth Mikkelsen lovar kjekke premiar, der hovudpremiane er gåvekort frå Norli Hillesland. For å vera med i trekninga må skjemaet leverast på biblioteket innan 10. mars.

Les også:

Forandringar på biblioteket