Flotte representantar for Bokn si framtid!

Ungdommane frå Bokn skule markerte seg stort på årets Regionsmeisterskap for elevbedrifter. Heile fire prisar og seks nominasjonar blei resultatet.

Bildet viser nokre av dei som er med i Hjerterom - elevbedrifta som består av valfaget Innsats for andre. Her har dei vunne 1. plass. - Klikk for stort bileteNokre av dei som er med i Hjerterom - elevbedrifta som består av valfaget Innsats for andre. Her har dei vunne 1. plass. Wenche Havikbotn/Birte Skjold

Tekst: Wenche Havikbotn - Foto: Wenche Havikbotn/Birte Skjold

Tysdag 1. april var 320 ungdommar frå 17 ulike ungdomsskular frå Bokn, Tysvær, Haugesund, Karmøy og Sveio samla til regionsmeisterskap i Elevbedrift 2025. Det var 90 elevbedrifter som samla seg til meisterskap i Quality Hotel Maritim i Haugesund.

Variert mangfald

Der fekk dei presentere bedrifta si med stand og utstilling av det dei jobbar med. Det var eit variert mangfald av ting som blei vist fram – plantekassar, vårrullar, handsydde sminkevesker,  flugebinding, fiske og fangst, bakverk og ulike tenester for andre.

30 jurymedlemmar frå lokalt arbeids- og næringsliv utgjorde dei ulike juryane som nominerte og valde ut kven som skulle få dei ulike prisane. Det var 11 kategoriar elevbedriftene kunne bli nominerte til. I kvar gruppe var det 6 elevbedrifter som blei nominerte og tre av dei blei kåra til 1., 2. og 3. plass.

Imponerande

Bilde av standen til elevbedrifta Sax. - Klikk for stort bileteStanden til elevbedrifta Sax. Wenche Havikbotn/Birte Skjold

Bokn deltok med fem elevbedrifter og vann heile fire prisar. Dette er imponerande med tanke på kor mange elevar Bokn har i høve til andre større kommunar.

Dei som deltok frå Bokn var: 

  • Sax – Eskil Bryningsland, Tobias Hatlem, Sondre Oliversen
  • Trekraft – William Kro, Ove Christiansen, Torstein Johannessen, Monika Øvrebø, Lovise Lund
  • Kystfangst – Ådne Norekvål, Truls Foss, Kaspian Sæbø
  • Systyle  - Hanna Lund, Karoline Våge-Hammer, Lindy Høvring, Live Øvrebø, Synne Alvestad
  • Hjerterom  - Ask Vågshaug, Linnea Palmer, Nora Prestbø, Oleksandra Lisovska, Veslemøy Våge, Lovise Lund, Ove Christiansen, William Kro, Truls Foss, Ådne Norekvål, Torstein Johannessen
     

Prisar Bokn fekk

1. plass: Beste Sosiale entreprenør - Hjerterom

- Juryen seier: Bedriften består av elever fra alle trinn på ungdomsskolen. De bruker mye av fritiden sin på å tilby tjenester og arrangere aktiviteter som skal glede andre og forhindre ulikskap. De framsnakker hverandre og samarbeider godt. De har meir enn et hjerterom, og støtter hele tre solidaritetsprosjekt

3. plass: Beste Logo - Trekraft

- Juryen seier: Logoen har en tydelig tilknytning til trearbeid og håndverk. Navnet er integrert på en måte som forsterker koblingen til treverk, og grantrærne understreker opprinnelsen til materialet. Designet er detaljert, men fortsatt klart og lett å oppfatte. Logoen fungerer godt i ulike størrelser og ulike farger. En gjennomført logo.

2. plass: Beste Elevbedrift - Hjerterom

- Juryen seier: Elevbedriften viser stort engasjement for nærmiljøet og har fått god innsikt i det å drive bedrift. De viser at de kan samarbeidet med andre og de tilbyr flere ulike aktiviteter. Bedriften består av elever fra alle trinn på ungdomsskolen. De bruker mye av fritiden sin på å tilby tjenester og arrangere aktiviteter som skal glede andre. Denne bedriften har stort hjerterom!

2. plass: Beste Team - Hjerterom

- Juryen seier: Elevbedriften er flinke til å samarbeide. De har utarbeidet en god teamkontrakt med definerte roller og de er flinke til å fordele oppgaver.
 

Kjempestolte

Alle me som jobbar på Bokn skule er kjempestolte over elevane våre og det dei får til.
Også lærarane blei heidra for deira innsats, som gjer det mogleg for at elevane kan drive på med dette. 

Fleire glimt frå dagen: