Flott nyttårsmottaking

På Bokn kommune si første nyttårsmottaking 11. januar delte ordførar Egil Våge ut prisar og heldt nyttårstale.

Bilde frå Nyttårsmottakinga 11.01.26. - Klikk for stort bileteBjørnar Bryningsland fekk den nyoppretta frivillighetsprisen, og Merete Alvestad fekk Kulturprisen 2025. Jardar Havikbotn

Rundt 50 personar fekk oppleva at Bjørnar Bryningsland fekk den nyoppretta Frivillighetsprisen. Kulturprisen 2025 gjekk til Merete Alvestad. Før prisutdelingane hadde ordføraren heldt ein nyttårstale.

Begge prisvinnarane heldt takketalar for dei tildelte prisane.

Programmet blei krydra av musikalske innslag frå Bokn kulturskule, ved Venevil Birkelund, Adelen Øvrebø og Wanda Are. Poeten Kjetil Eivind Øvrebø Hamre las tre av dikta sine. 

Godt fornøgd ordførar

Arrangementet hadde eit høgtideleg preg over seg, samtidig laga mingling (før og etter sjølve programmet) i fellesarealet ved Auditoriet - med kaffi, Mozell og kake ein sosial profil. 

-Publikum var godt nøgde, og både Kulturprisen og Frivillighetsprisen gjekk til verdige vinnarar, seier ordførar Egil Våge. Han skryt også av flotte kulturelle innslag.

Bilde frå Nyttårsmottakinga 11.01.26. - Klikk for stort bileteOrdførar Egil Våge var god nøgd med Bokn kommune si første nyttårsmottaking. Rannveig Øvrebø

Det er eit ønske om å gjera nyttårsmottakinga til ein årleg tradisjon og på sikt utvida med fleire prisutdelingar.

Ordføraren sin nyttårstale (PDF, 244 kB)

Grunngjevingar, Frivillighetsprisen 2025 og Kulturprisen 2025 (PDF, 35 kB)

 

Fleire foto frå hendinga (bildetekstar kjem seinare):