Flinke skuleelevar

4./5.klasse plukka søppel rundt skulen, barnehagen og opp Kyrkjebakken. Her ser du Nora, Tobias, Kaspian, Eskil, Aksel og Sondre. - Klikk for stort bilete4./5. klasse plukka søppel rundt skulen, barnehagen og opp Kyrkjebakken. Her ser du Nora, Tobias, Kaspian, Eskil, Aksel og Sondre. Bianca Alvestad 14. april arrangerte NRK "Heile Rogaland ryddar 2021". 1. - 6.klasse på Bokn skule var med på prosjektet.

Dei starta friskt frå morgonen av og fordelte seg slik: 

1. - 3. kl. tok seg av skulen sitt område med skog og ballbinge. 4. - 5. kl. gjekk rundt skulen, barnehagen og opp Kyrkjebakken. 6. klasse gjekk ned mot fyrlykta i Føresvik og opp til Bokn Arena. Me har dessverre ingen bilde frå denne klassen 

1. - 6. kl. kunne rapportera om mindre søppel i år enn kva dei har funne tidlegare år, og det var dei godt nøgde med.  

Les også

Flinke 7. klassingar

Stor takk til alle for ein strålande innsats for eit reinare Bokn!


Glimt frå dagen: