Flinke 7. klassingar

Litt av fangsten i Krovågen, 14.04.21. - Klikk for stort bileteLitt av fangsten i Krovågen, 14.04.21. Kari Christensen I samband med prosjektet Heile Rogaland ryddar 2021, har 7. klasse på Bokn skule rydda på ulike stader langs vegen i dag.

Dei tok føre seg strekningane Knarholmen - Hallvardskrossen, Knarholmen - Boknasundbrua via Havnavegen og Sæbøsletta.

Og det mangla ikkje på søppel, sjå bilda under.

Det blei også rydda i strandsona, nærmare bestemt i Krovågen. Kari Christensen kunne fortella om mykje marint avfall. Eit godt døme var at ein person plukka tre fulle sekkar på 30 min., på eit lite område.

Les også

Flinke skuleelevar

Stor takk til alle for ein strålande innsats for eit reinare Bokn!


Glimt frå dagen:

Les også

Heile Rogaland ryddar 2021