Femårsjubileum for filmfestival på Bokn

Nærmare 90 personar var på kino i Auditoriet då Den norske filmfestivalen, biblioteket og kulturkontoret arrangerte minifestival for femte gong.

Bilde frå Filmfestivalen på Bokn 2025. - Klikk for stort bileteMange koste seg på "Hvis ingen går i fella"- filmen, med introduksjon av festivalsjef for Den norske filmfestivalen Tonje Hardersen. Thea Elisabeth Hansen

November og filmfestivalstemning på biblioteket har blitt ein fin tradisjon. Det er kjekt og motiverande at boknarane set pris på den faste hendinga, med «filmstjerne-entré» på raud løpar til eit fest- og julepynta bibliotek, mellom anna med ei luktblanding av nypoppa popcorn, gløgg og peparkaker.

For alle

Årets festivaldag byrja allereie kl. 08:30. Då var det høgtlesing frå den nye boka «Hvis ingen går i fella», adaptert frå filmen med same namn, som skulle visast kl. 18. Det var biblioteksjef Thea Elisabeth Hansen som las til 1. og 2. klasse.

Både lesar og elevar gav undervegs uttrykk for at det var ei svært kjekk bok, og fleire sansar blei tekne i bruk når alle bilda i boka etter kvart kom på storskjermen. Fleire kunne nok tenka seg å vinna boka i kinosalen til kvelden.

Det var også animasjonsverkstad for barn kl. 17.

Bilde frå Filmfestivalen på Bokn 2025. - Klikk for stort bileteFornøgd gjeng etter Hans Nielsen Hauge-filmen: fv. festivalsjef for Den norske filmfestivalen - Tonje Hardersen, administrativ leiar for Den norske filmfestivalen - Nina Samdal, biblioteksjef Thea Elisabeth Hansen, filmprodusent Bjørg Veland, historikar Birger Lindanger og kultursjef Jardar Havikbotn. Ann Kristin Grønnestad

Seniorvisning

Denne gong hadde me ikkje film kl. 20, men ei seniorvisning kl. 15. Frå kl. 14 var det mottaking med sosialt samvær, kaffi og kaker mot dokumentarfilmen «Hans Nielsen Hauge – Mannen som endret Norge».

Me hadde med oss med-manusforfattar og produsent frå Manymore Films i Haugesund, Bjørg Veland, som introduserte filmen. Ordførar Egil Våge delte ut eit kinogåvekort før filmen starta. Dette var trekt på billetten.

Etter visning var det samtale om filmen og haugianarar på Haugalandet - med Bjørg Veland, historikar Birger Lindanger og publikum.

Familiefilm

Frå kl. 17 strauma det på med folk som ville sjå «Hvis ingen går i fella» - blant mange kritikarar kalla årets store julefilm. Filmen er mellom anna inspirert av Alf Prøysens Musevisa, og blei introdusert av festivalsjef for Den norske filmfestivalen, Tonje Hardersen. Ordføraren delte ut eit kinogåvekort og boka «Hvis ingen går i fella», trekt på kinobillettane.

Bildet viser ordførar Egil Våge kosa seg på filmfestival. - Klikk for stort bileteOrdførar Egil Våge koste seg på filmfestival. Jardar Havikbotn

Egil Våge presenterte så Adelin Øvrebø og Wanda Are, som song "Musevisa". Femteklassingane  gjorde ei solid framføring, med både kostymar, koreografi, nokre kulissar og ikkje minst song dei alle åtte versa! Det ligg nemleg referansar til filmmanuset i Prøysen-teksten.

Det var god stemning i Auditoriet etter at filmen var slutt. Han hadde tydelegvis slått an hos både hos liten og stor.

Populær festival

Bokn er blant fem kommunar på Haugalandet som har inngått eit samarbeid med Den norske filmfestivalen. Thea på biblioteket og Jardar på kulturkontoret er svært nøgde med årets minifestival, og gler seg allereie til neste år!

Her kjem fleire bilde frå festivalen. Vennligst ta kontakt med kulturkontoret, tlf. 98221508 dersom nokon ønsker bilde fjerna.