Fekk pris på ambassadørseremoni

Emilie Moi Eikje og Bokn Sau og Geit mottok 26. november utmerking for arrangementet NM i Saueklipping og ullhåndtering i september i år.

Bildet viser ein glad og godt fornøgd vinnar, Emilie Moi Eikje og ein stolt ordførar, Egil Våge. - Klikk for stort bileteEin glad og godt fornøgd vinnar, Emilie Moi Eikje og ein stolt ordførar, Egil Våge. Seremonideltakar

110 personar frå kommunane Bokn, Haugesund, Karmøy, Sveio, Tysvær og Vindafjord var samla i bystyresalen i Haugesund då Visit Haugesund og Haugalandet arrangerte ambassadørseremoni.

Kriterium for å få ei ambassadørutmerking

•    Vedkommande har fått eit arrangement heim til regionen eller har starta eit nytt arrangement
•    Arrangementet hatt tilreisande frå utanfor regionen (Haugalandet)
•    Bidreg til auka verdiskaping på Haugalandet
•    Arrangementet er nytt (eller har gått igjennom vesentlege endringar det siste året)
•    (Ikkje enkeltkonsertar) 

Prisutdeling

Dette las ordførar Egil Våge opp då Emilie Moi Eikje fekk prisen:


NM Saueklipping og ullhåndtering 2025
Ambassadør: Emilie Moi Eikje

Bildet viser alle ambassadørane samla, saman med ordførarane frå sine kommunar og representant frå Visit Haugesund og Haugalandet. - Klikk for stort bileteAlle ambassadørane samla, saman med ordførarane frå sine kommunar og representant frå Visit Haugesund og Haugalandet. Aleksandar N.Zecevic

NM i saueklipping og ullhåndtering 2025 blei ein stor folkefest på Bokn, med nesten 2000 besøkande gjennom to dagar. Emilie Moi Eikje og Bokn Sau & Geit stod bak arrangementet, som løfta fram norsk landbruk og ulltradisjon med 72 deltakarar frå heile Noreg! I internasjonal klasse konkurrerte deltakarar frå Wales, Skottland, Sverige og New Zealand.

Over 900 sauer blei klipte i løpet av konkurransane, og raskaste sau vart klipt på berre 19 sekund.  Haugalandets 10 deltakarar tok 4 pallplassar. Veteranskipet MS Sandnes fungerte som «flotell» og bar for tilreisande. I tillegg var det haustmarknad og sosiale aktivitetar som AfterSaueklipp på Bokn Arena med livemusikk.

Arrangementet fekk mykje ros og gav oss ein skikkeleg folkefest som absolutt fekk fram både lokal stoltheit og merksemd til landbruket på Bokn.

Me gratulerer Emilie Moi Eikje og Bokn Sau og Geit!