Fasteaksjonen 2026 - Bokn kommune

Fasteaksjonen 2026

Bøsseberarane i Bokn Menighet samla i år inn 23 874 kr, som betyr reint vatn til 80 personar!

Bilde av ei smilande jente og ein vassdunk, som det renn vatn i. - Klikk for stort bilete fasteaksjonen.no

Kyrkjeverje May Jorunn Vatnaland fortel at det i år berre er fem konfirmantar, men med god hjelp frå soknerådet klarte dei å dekka ruta. Denne gong var det også meir kontantar i bøssene enn normalt, og litt mindre på vipps.

Fortsatt mogleg å gi

Dersom du ønsker å gi, kan du vippsa til 2426. Offeret i kyrkja 1. påskedag går også til årets aksjon.

-Ein stor takk til dei som samla inn, og tusen takk til alle givarar, seier kyrkjeverja.