Episk kinohaust

Når Bygdekinoen byrjar igjen 15. august, er det starten på ein episk kinohaust.

Bilde av dei nye plakatrammen ved inngangspartiet. - Klikk for stort bileteVelkommen til ein episk kinohaust! Jardar Havikbotn

Norske storfilmar er svært populære, og på dei nye nettsidene til Bygdekinoen kan du mellom anna lesa om store filmopplevingar - laga for det store lerretet, som ventar på deg fram mot jul. 

Sjekk ut desse filmtitlane: “Blücher”, “Affeksjonsverdi”, “Kraken”, “Hvis ingen går i fella” og “Flåklypa - fra Paris til pyramidene”. 

Me ønsker hjarteleg velkommen til ein episk kinohaust med nye, flotte plakatrammer i inngangspartiet.