Influensavaksine

Kommunelegen minner om at influensavaksinen er tilgjengeleg for alle ved å ta kontakt med legekontoret. Eigenandel er kr 50 - gratis dersom du har frikort. 

Eigenberedskap

Bilde nettsida sikkerhverdag.no - Klikk for stort bileteBilde nettsida sikkerhverdag.no sikkerhverdag.no Vinnar av quizen i samband med utstillinga på biblioteket om privat "beredskapslager" er trekt.

I samband med «Eigenberedskapsveka» i haust, hadde Bokn kommune ei utstilling på biblioteket av kva ein med fordel kunne ha i eit privat «beredskapslager». Tanken er at familien skal greia seg sjølv i tre dagar om uønskte hendingar skulle ramma til dømes tilførsel av straum, vatn eller daglegvarer.

June Kro med eska. - Klikk for stort bileteJune Kro med eska. Osmund Våga I tilknyting til utstillinga inviterte kommunen til ein enkel quiz. Vinnar blei June Kro som har fått overlevert ei eske med det meste av det som inngjekk i utstillinga - gratulerer!

Les meir om eigenberedkap her: 

Sikker kvardag