Ho er full av takksemd til alle som har vore med på markeringa.
- Det er utruleg at så mange har tatt kontakt for å gå tur med meg. Så mange flotte folk og så mange gode samtalar. Og ikkje minst har eg fått god trim, fortel Gry Øvrebø, som gjekk heile 10,4 mil i løpet av veka.
Sjå Tom-Inge Aksdal sin video frå lysmarkeringa:
Saman er me sterke
Ca. 70 personar var innom på lysmarkeringa i slutten av veka, og 95 lysposar blei selde (kr. 7 125 til Kreftforeningen). Desse danna eit hjarte. Rundt 50 personar tok del i dette.
Mange som støtta opp og kjøpte lyspose av henne på laurdagen, var ikkje med på Stafett for livet på Karmøy i fjor. Det viser at det er potensiale for slike hendingar på Bokn. Gry Øvrebø kunne tenkt seg ei liknande veke neste år også, men ho understreker at Team Rett & Vrangt vil vera med på Stafett for livet på Karmøy 2021.
Les også:
Lysmarkering