Stort innbyggarengasjement i vegsaken på Bokn: Mange møtte opp for å følga kommunestyret sin behandling av høyringsinnspel til ny E39 over Bokn.
Egil Våge
Kommunestyret i Bokn handsama høyring om kommunedelplan for E39 Bokn - Bømlafjorden 14.april 2026 i sak 16/26 og vedtok følgande høyringsuttale:
KS - 16/26 Vedtak:
Kommunestyret vedtek samrøystes høyringsuttale frå Bokn kommune:
Høyringsuttale
E39 Bokn – Bømlafjorden – kommunedelplan
Bokn kommune viser til høyring av Statens vegvesen sitt framlegg til kommunedelplan for ny E39 gjennom Bokn kommune, med to alternative trasear.
Kommunedelplanen skal handsamast av kommunestyret i Bokn kommune som planstyresmakt. Kommunen sitt endelege standpunkt til traséval vil koma fram i saka som vert lagt fram for kommunestyret, mellom anna basert på merknader som er komne inn i høyringsperioden. I orienteringsmøte halde av Statens vegvesen i samband med kommunestyremøtet 13.01.2026, vart det presisert at kommunen kan fremja merknader i høyringsrunden. Bokn kommune finn det naudsynt å nytta høyringa til å peika på fleire forhold som etter kommunen sitt syn ikkje er tilstrekkeleg belyste eller vurderte i planframlegget og dei tilhøyrande utgreiingane.
1. Bru over Boknasundet
I alternativ 1 er det planlagt ny bru over Boknasundet i svært nær avstand til eksisterande bru, med fleire nye brupilarar i sundet. Etter kommunen sitt syn vil dette kunna gjera manøvrering og ferdsel vanskelegare i eit allereie trafikkert farvatn.
Bokn kommune krev at Kystverket si vurdering av dei maritime forholda knytte til etablering av ny bru over Boknasundet vert lagt fram som del av plangrunnlaget.
2. Folkehelsekonsekvensar
Bokn kommune meiner at konsekvensutgreiinga ikkje i tilstrekkeleg grad belyser folkehelsekonsekvensar, slik dette er kravd etter plan- og bygningslova og folkehelselova. Ei fullverdig helsekonsekvensutgreiing bør mellom anna omfatte:
- fysiske miljøfaktorar (støy, luftkvalitet, solforhold, innsyn/utsyn, tilgang til grøntområde)
- sosiale miljøfaktorar (tryggleik, sosiale møteplassar, universell utforming)
- høve til fysisk aktivitet og kvalitetar i nærmiljøet
- konsekvensar for bokvalitet
Frå eit samfunnsmedisinsk perspektiv framstår vurderingane i hovudsak avgrensa til støy og trafikktryggleik. Utgreiinga vurderer i liten grad konsekvensar av støy ved utandørs opphald, eller verknader for bokvalitet.
Vidare manglar det tilstrekkelege vurderingar av helsekonsekvensar i anleggsfasen, inkludert skilnader mellom alternativa. Det ligg heller ikkje føre opplysningar om forventa varigheit på anleggsperioden, noko som kan ha stor innverknad på dei samla helsekonsekvensane, særleg der anlegget ligg tett opp mot eksisterande busetnad.
3. Konsekvensar for bustader
Det ligg ikkje føre tilstrekkeleg oversikt over konsekvensane for bustader i dei to alternativa. Bokn kommune ber difor om eit samla og presist oversyn som viser:
- tal på bustader som må rivast
- tal på bustader som vert liggjande i planskuggen
Oversynet må presenterast i tabellform og innehalda gnr./bnr. for dei aktuelle eigedomane, samt ei konkret beskriving av konsekvensane for kvar einskild eigedom.
4. Val av traséalternativ over Ognøy
Dei to alternativa som ligg føre, har ulik traséføring over Ognøy. Alternativ 1 føreset veg på vestsida av Ognøy, om lag i same trasé som dagens E39, medan alternativ 2 legg vegen på austsida av øya.
Bokn kommune finn det ikkje tilfredsstillande grunngjeve kvifor det er valt to separate traséar over Ognøy, i staden for å samordna alternativa ved Ognøysundet. Kommunen krev difor at det vert lagt fram eit fullverdig planalternativ der alternativ 2 vert ført saman med alternativ 1 ved Ognøysundet, slik at vidare trasé nordover går på vestsida av Ognøy, i samsvar med alternativ 1. Dette er særleg viktig for å ta vare på verdifull matjord og dyrka mark på austsida av øya.
5. Konsekvensar for jordbruksareal
Bokn kommune har eit sterkt fokus på vern av jordbruksareal. Det er difor avgjerande å få dokumentert kor mykje jordbruksareal som vert nedbygd i dei to alternativa.
Kommunen registrerer at delar av grunnlagsmaterialet byggjer på tal frå 2018. Det må leggjast fram dokumentasjon basert på oppdaterte tal for omfanget av nedbygd jordbruksareal, samt ei vurdering av eventuelle erstatningsareal, før kommunen tek stilling til saka.
6. Vekting av ikkje-prissette konsekvensar
Bokn kommune ber om at det vert gjort nærare greie for korleis dei ikkje-prissette konsekvensane er vekta opp mot dei prissette konsekvensane for dei to alternativa over Bokn.
Dette gjeld særleg konsekvensane knytte til inngrep i og nedbygging av større byggeområde i Alvestad, men òg andre ikkje-prissette tema. Av det tilgjengelege materialet går det fram at Bokn kommune, sett i høve til storleik og folketal, truleg vert den kommunen som prosentvis vert hardast råka av negative ikkje-prissette konsekvensar.
Det må difor dokumenterast korleis desse konsekvensane er vurderte og vekta mot skilnader i
prissette konsekvensar mellom alternativa. For alternativ 1 må det særleg vurderast kva konsekvensar ei nedbygging av sentrale bustadområde vil ha for kommunen si langsiktige utvikling, mellom anna knytt til busetjing og folketalsutvikling.
7. Konsekvensvurderingar i høve vedteken arealbruk
Bokn kommune har nyleg vedteke ny arealdel til kommuneplanen, og vegalternativa går òg gjennom område der det ligg føre gjeldande reguleringsplanar.
Kommunen meiner at konsekvensvurderingane må ta utgangspunkt i den vedtekne arealbruken i kommuneplanen og reguleringsplanar, og ikkje i tidlegare plankategoriar eller føresetnader. Som døme vert det synt til fagrapport naturressursar, der konsekvensen av alternativ 2 for området Sponavika (FR-3) er vurdert som betydeleg negativ grunna låssettingsplass. I den vedtekne arealdelen er sjøarealet her avsett til hamneområde med framtidig molo, medan landarealet er avsett til næringsføremål.
Etter kommunen sitt syn må konsekvensane for dette området vurderast på nytt, basert på gjeldande planstatus. Tilsvarande justeringar må gjerast i andre område der konsekvensvurderingane ikkje tek omsyn til vedteken arealbruk.
8. Konsekvensutgreiing og nytte-/kostnadsanalyse per kommune
Konsekvensutgreiingane og nytte-/kostnadsanalysen er presenterte samla for heile prosjektstrekninga gjennom dei tre kommunane. Etter Bokn kommune sitt syn gjev dette eit mangelfullt og lite treffsikkert beslutningsgrunnlag.
Når vurderingane vert gjorde på prosjekt-nivå, kan store negative konsekvensar for Bokn kommune bli kompensert av positive eller mindre negative verknader i dei andre kommunane.
Dette gjer det vanskeleg for kommunen å vurdere konsekvensane lokalt.
Bokn kommune krev difor at Statens vegvesen utarbeider eigne fagrapportar og ei separat konsekvensutgreiing for dei to alternativa slik dei verkar for Bokn kommune åleine.
9. Trafikantnytte og tidskostnader
I samlerapporten for prissette konsekvensar går det ikkje klårt fram kva verdiar som er nytta for tidskostnader for dei ulike trafikantgruppene.
Bokn kommune ber om at det vert gjort greie for:
- kva tidskostnadsverdiar som er nytta i berekningane
- korleis trafikantnytta er fordelt mellom dei ulike trafikantgruppene
Denne informasjonen må spesifiserast for alternativa slik dei gjeld for vegløysinga over Bokn.
Avslutning
Bokn kommune finn at det må liggja føre betre dokumentasjon, meir presise opplysningar og justerte fagrapportar i tråd med merknadene ovanfor.
Kommunen ber difor om at skriftleg svar, med nødvendige justeringar og tillegg til rapportane, vert oversendt Bokn kommune seinast samtidig med oversending av plandokumenta til kommunal handsaming.
Med helsing
Ingeborg Skjølingstad
Kommunedirektør