Det nyttar!

Boknarar er veldig gode på strandrydding, i alle aldre – frå barnehagebarn til pensjonistar. Og det gir resultat!

Resultatet frå årets strandryddedag på 4,2 tonn fortel om lettare conteinerar enn på strandryddedagane i 2018 (6,8 tonn) og 2017 (6 tonn). Rett nok var det i år frisk og kald vind og noko mindre oppslutning enn tidlegare (109 registrerte personar), men det verkar som om det nå er mindre av det tyngste avfallet (som t.d. den store trossa speidarane fann i Sandvika i 2017).

I år var forresten ein del av dei som deltok på Strandryddedagen opptatte av plastbitane etter utsleppet fra ein laksefabrikk i Jøsenfjorden 10. april. Dyktige havforkjemparar rapporterte om funn av desse plastbitane på ni ulike stader, både svarte og kvite. Dei kvite er sannsynlegvis fra eit utslepp i Vindafjorden før jul.

Registrering

I år var første året aksjonane (ryddeområda) blei registrerte og synleggjorde på Hold Norge Rent sitt ryddekart. Interesserte kan gå inn sjølve og registrera ryddeaksjonar, og det var også to registrerte aksjonar der før Strandryddedagen blei arrangert. Kartet med 25 aksjonar til nå i år er imponerande, og saman med aksjonane frå 2017 og 2018 får me ei fyldig geografisk oversikt over strandryddinga i Bokn dei tre siste åra. Fleire område er og vil besøkte igjen og igjen, og tendensen som nemnt at det minkar.

Prakteksempel

25% av avfallet etter årets strandryddedag kom frå Skodahabn. Friluftsrådet Vest sin hentebåt, «Astrid», henta 800 kg + at det på Friluftsrådet Vest sin hentebåt "Astrid" leverer avfall på Husøy. Friluftsrådet Vest Strandryddedagen blei frakta minst 200 kg derifrå med ein lokal båt. «Astrid» henta også ein del taukveilar der i fjor sommar, etter at Senterungdommen hadde vore der og rydda.

Aksjon Skodahabn er eit prakteksempel på at det nyttar, og at dugnad er rette metoden. Hans Faye, Augustin Thuestad, Ragna Alvestad og Reidar Alvestad tok opp tråden etter Senterungdommen og hadde arbeidsøkter der i mars og april. Ein ny gjeng var der så 4. mai. Sjølv om aksjonen nå er avslutta og avfall henta, kan han opnast igjen – det er meir igjen.

Bli kvitt avfallet

På kulturkontoret får du tak i ryddeutstyr, viss du har lyst å starta ein aksjon, eller berre rydda litt i nærmiljøet. Me har også ei løysing på korleis du kan bli kvitt det marine avfallet, i periodar utanom organiserte strandryddedagar – ta kontakt.

Folkerørsle på Haugalandet

I tillegg til årets strandryddedag, var Geocaching Haugalandet og fjerna 260 kg avfall frå Krågevågen 14. april. Strandryddeaksjon Haugalandet rapporterer om stor aktivitet og oppslutning frå 2730 registrerte frivillige og 125 aksjonar så langt i år. Det er samla inn 45 tonn marint avfall langs strender og vassdrag på Haugalandet.  Sidan oppstarten av aksjonen er det samla inn 150 tonn marint avfall i Haugalandsregionen. Bokn sine 17 tonn er altså blant dei 150 tonna.

Unge miljøarbeidarar

I veka etter Strandryddedagen, i veke 19, var det aksjonar både på skulen og i barnehagen. Barnehagen hadde friluftslivsveke og var ein dag og rydda i Steinsvikane. Barneskulen gjennomførte sin årlege runde og kalla det heile «Operasjon Rusken».

Her er bilder frå hendingane. Foto: div.