Illustrasjonsfoto
Andre Borke_Av-og-til
Snart er jula her – årets store høgdepunkt for barna. Adventslys, julekalender, nissebesøk, peparkakebaking, aking i snøen, gåveopning og tid saman med familien. Det er mykje å gle seg til. Derfor har vi ei oppfordring til alle vaksne: Tenk over din eigen alkoholbruk når du er saman med barn i jula.
Av-og-til-kommunen Bokn
Bokn er ein Av-og-til-kommune. Sidan 2015 har vi jobba saman med Av-og-til for å førebygge og redusere skadeleg alkoholbruk og gjere kvardagen tryggare for alle.
Barn trivst best med vaksne som oppfører seg som dei pleier. Når barna blir spurde, seier fleirtalet at dei ønskjer at vaksne skal drikke null, eitt eller maks to glas alkohol når dei er saman med dei. Derfor ber vi alle som skal feire jul saman med barn, om å tenke over sin eigen alkoholbruk på førehand. Bruk gjerne denne hugselista:
Den viktigaste hugselista i jula:
• Drikk null, eitt eller maks to glas når du er saman med barn.
• Ha flest dagar utan alkohol.
• Bli einig med dei andre vaksne om kor mykje alkohol som er greitt.
• Unngå å drikke på ein måte som går ut over morgondagens planar.
• Ver spesielt bevisst i feriar og høgtider.
• Hugs at barn blir påverka før du blir det.
Vi ønsker dykk alle ei god og trygg jul!
Vennleg helsing
Miriam Berland Ragnhild Kaski
Av-og-til-koordinator i Bokn kommune generalsekretær i Av-og-til