Budsjettforslag for 2027 og økonomiplan 2028-2030

Kommunedirektøren har lagt fram sitt forslag til budsjett for 2027 og økonomiplan for perioden 2028-2030.

Budsjettet er blant dei viktigaste styringsverktøya kommunen har, og viser korleis kommunen planlegg å bruka ressursane sine dei kommande åra. Forslaget omfattar både drift av dei kommunale tenestene og planlagde investeringar i perioden.

Trykk på knappane for å lesa forslaga:

Budsjett 2027 og økonomiplan 2028-30 (PDF, 2 MB)

Gebyrregulativ 2027 (PDF, 396 kB)

Forslaget skal nå behandlast politisk. Formannskapet vil først gå gjennom budsjettet og gi si innstilling. 

Den vidare framdrifta er:

  • Formannskapet behandlar budsjettforslaget den 10. november.
  • Kommunestyret gjer endeleg vedtak om budsjett og økonomiplan 8. desember 2026.


Me oppmodar alle som ønsker å vita meir om kommunen sine prioriteringar og planar for dei kommande åra, til å lesa budsjettforslaget og følga den politiske behandlinga fram mot endeleg vedtak.