Brakkeleir i Knarholmen

I slutten av februar flyttar prosjektutviklar- og entreprenørkonsernet Skanska inn i ny brakkerigg i Knarholmen. Der skal dei bu til våren 2029.

Det aktuelle området, 15.01.23. - Klikk for stort bileteDet aktuelle området, 15.01.23. Jardar Havikbotn

I desse dagar er det full aktivitet for å få etablert hovudriggen til Skanska Anlegg. Det er den nordre delen av Boknafjordtunnelen i Rogfast-prosjektet som skal byggast. 

- Området skal planerast i to nivå. Det vil bli sett opp ein stor kontorrigg, ein kantinerigg og to bustadriggar i to etasjar, og det vil bli sett opp ein tredje bustadrigg hausten 2023. Når bustadriggane er fullbooka, vil det på det meste bu om lag 130 personer i brakkeriggen, fortel prosjektsjef i Skanska, Anne Brit Moen.

Folk frå heile landet

Planskisse av området i Knarholmen. - Klikk for stort biletePlanskisse av området i Knarholmen. skanska.no

Det er Vassbakk og Stol (VS) som utfører det meste av arbeidet. VS er heileid dotterselskap av Skanska, og deira personell skal utføra alle veg- og grunnarbeider på denne entreprisen.

Frå slutten av februar skal Skanska sine tilsette frå andre stader i landet bu i brakkeriggen, saman med personell frå dotterselskap og underleverandørar.

- Me ser fram til å komma i gong med tunneldrifta, og håpar at den raske auken i folketalet for Bokn ikkje blir noka stor ulempe. Me skal gjera vårt beste for å ikkje vera til bry, og vil gjerne ha tilbakemeldingar viss noko er til ulempe for naboane, avsluttar Anne Brit Moen.

Tredje brakkeleiren

Skisse av ei brakkeeining. - Klikk for stort bileteSkisse av ei brakkeeining. skanska.no

Dette blir den tredje brakkeriggen i Knarholmen. Frå 1998 hadde Statoil (Equinor) brakkeleir der i samband med Europipe ll (PDF, 581 kB), og i 2018/2019 var NCC Construction AS laga ein sidetunell i Rogfast-prosjektet.