Bondelaget seier #komhit i sommar

Leiar i Bokn Bondelag, Ivar Ognøy, peikar mot heimstaden sin, i samband med Norges Bondelag sin kampanje #komhit Emilie Moi Eikje I samband med Norges Bondelag sin kampanje, har Bokn Bondelag sett opp ei biletramme på Boknafjellet.

Av Emilie Moi Eikje

Eit aktivt jordbruk har vore med å gjere landskapet på Bokn vakkert. I samband med at ekstra mange er på tur i eige land denne sommaren har Norges Bondelag starta ein kampanje som dei dei kallar #komhit. Målet med kampanjen er å vise fram at bonden står bak mykje av kulturlandskapet turistane reiser gjennom.

Gjennom kampanjen ynskjer ein å gjere folk merksame på kor mykje av landskapet som er forma av jordbruket sin matproduksjon. Jordbrukslandskapet utgjer ein viktig del av ferieopplevinga. Kva de ser ut av bilvindauget når de reiser i Norge er avhengig av eit aktivt jordbruk. Dette er ein del av samfunnsoppdraget til bonden.

Store biletrammer

I sommar set lokale bondelag opp store biletrammer over heile landet på stadar med flott utsikt over jordbrukslandskapet eller der det er utsikt til andre produkt frå bonden. Bondelaga vil vise fram åker og eng, beitande dyr, gardsbruk, lokal mat og anna der turistane ferdast.

Bokn Bondelag har sett opp ramma på Boknafjellet. Gjennom biletramma kan du sjå 3 av 4 av Bokn sine bebudde øyer – alle med eit aktivt landbruk som held kulturlandskapet godt i hevd, og som bidreg til matproduksjon av ypparste klasse. Her på Bokn har me gardsbruk i alle storleikar, der alle er med på å forme landskapet og hindrar at areala gror igjen. Det er våre beitedyr som held lyngen ved stiane skjøtta, trea vekke, biene til stades og utsikten vakker.

Bilete frå prosjektet:

Reis på rammejakt og del ditt bilete

Alle som skal på tur i sommar, vert oppfordra til å stoppe opp og ta ein titt på landskapet gjennom rammene, knipse eit bilete og dele det i sosiale media med #komhit. Denne nasjonale kampanjen er både fysisk og digital. Alle kan følgje rammene under emneknaggen #komhit på facebook og instagram. Det blir ei oversikt over alle rammene på bondelaget.no/komhit, etter kvart som dei blir sett opp.

God tur!

Helsing Bokn Bondelag