Viktig stemme
Ungdomsrådet gjennomførte sitt første møte etter sommaren, måndag 31.08.2026. I dette møtet hadde dei fleire viktige saker
Bokn ungdomsråd, perioden 2026 - 2027. Frå venstre: Stian Ognøy Våge, Espen Ognøy våge, Magne Røsdal Lund (leiar), Truls Foss (nestleiar), Sanne Øvrebø, Live Øvrebø, Isak Alvestad Schmeichler og Nora Skjelde Prestbø.
Lena Lønning Dybdal
på agendaen, deriblant rusmiddelpolitisk handlingsplan, retningslinjer for Bokn kommune sin frivilligpris og fritidstilbod til born- og unge i Bokn kommune. Ungdomsrådet har ei viktig stemme, og er med på å påverke politikarane, særleg med fokus på den yngste gruppa i samfunnet.
Ungdomsrådet ynskjer å oppfordre born- og unge til å delta meir aktivt, og å delta på møte sjølv dersom dei ynskjer å kome med innspel/forslag til aktivitet i kommunen. Dei skal tale på vegne av dykk. Neste møte er måndag 28. september, kl. 18:00 i Bokn Arena.
Nytt medlem
Det blei også i dette møte valt inn eit nytt fast medlem i ungdomsrådet. Velkomen til Isak Alvestad Schmeichler.