Bokn held fram med alkovettarbeidet

7. mai markerte Bokn kommune og Av-og-til at samarbeidet held fram.

Bildet viser ordførar Egil Våge og Marte Sletten etter at avtalen mellom Bokn kommune og Av-og-til blei resignert 7. mai. - Klikk for stort bileteOrdførar Egil Våge og Marte Sletten resignerte avtalen mellom Bokn kommune og Av-og-til 7. mai. Jardar Havikbotn

Bokn har vore ein Av-og-til-kommune sidan 2015. Nå fører kommunen og Av-og-til samarbeidet vidare, om å halda fram arbeidet med å førebygga og redusera skadeleg alkoholbruk.

Marte Sletten frå Av-og-til deltok under markeringa.

-Bokn er ein viktig samarbeidspartnar for oss. Kommunen møter folk der dei er, og gir oss anledning til å driva god alkoholførebygging lokalt. Me gler oss til vidare samarbeid, fortel Marte Sletten, som er ansvarleg for kommunesamarbeidet hjå Av-og-til.

Bokn kommune er ein av 65 kommunar som jobbar saman med Av-og-til for å redusera dei negative konsekvensane av alkohol i samfunnet.

Betre å førebygga enn å reparera

Ordførar Egil Våge ser også fram til vidare samarbeid.

Bilde viser kaka i anledning resigneringa. - Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn

-Me veit at det er betre å førebygga enn å reparera. Som Av-og-til-kommune oppfordrar me innbyggarane til å tenka seg om før dei velger å drikka, og til å ha eit bevisst forhold til alkohol, seier ordføraren.

Av-og-til rettar søkelyset mot situasjonar der alkohol utgjer ein særleg risiko eller kan vera til ulempe for andre – mellom anna samvær med barn, ungdom og alkohol, helseskadar og bilkøyring.

Ein tryggare kvardag for alle

Miriam Berland er Av-og-til-koordinator i Bokn kommune.

-Saman med Av-og-til kan me delta i nasjonale kampanjar om alkohol og gjennomføra målretta tiltak i Bokn. Me ønsker at fleire skal bli medvitne om at måten me drikk på, kan påverka andre. Derfor er det viktig å halda fram samarbeidet med Av-og-til, seier ho.

Framover vil kommunen og Av-og-til jobba saman for å førebygga og redusera alkoholskadar, og gjera kvardagen tryggare for alle.

Fakta om Av-og-til

  • Jobbar med haldningsskapande arbeid for godt alkovett i samfunnet.
  • Arbeidet er retta mot situasjoner der alkohol utgjer ein særleg risiko eller kan vera til ulempe for andre.
  • Bak Av-og-til står politiske parti, faglege- og frivillige organisasjonar.
  • Det er gratis å vera ein Av-og-til-kommune. Kommunane får tilgang til ressursar og kampanjemateriell om alkovett.  
  • Les meir om Av-og-til på www.avogtil.no