Prosjektet er godt i gang og dei nødvendige søknadene godkjent. Leikeapparata er bestilte og det vil ikkje ta lang tid til prosjektet vil vera synleg i form av gravearbeid.
Nedanfor blir ein skisse vist med nokre illustrasjonar av dei største apparata.
Arbeida vil bli koordinerte med den daglege drifta i barnehagen og både tilsette og foreldre vil få informasjon om byggjefasane og eventuelle følgjer for drifta, levering og henting eller liknande.
Prosjektet omfattar også ei opparbeiding av leikeplassen litt nord for barnehagen. Denne skal arbeidet startar med, slik at barnehagen kan etter planen nytta seg av den når byggjearbeida innskrenkar drifta mest.
Arbeidet vil starte opp nestkommande veke. Slike store prosjekt vil alltid medføra nokre ulemper for naboar og dei som nyttar seg av det ramma tilbodet. Entreprenøren vår, Birkeland as, og Bokn kommune har stadig dialog rundt dette og me jobbar med å avgrensa desse konsekvensane så godt det lèt seg gjera.
Dette er ei skisse og det kan førekomme mindre avvik ved utføringa.
Skisse uteområdet Bokn barnehage