Blir ein fin nasjonaldag

Båtkonvoi til ære for TVH, 7. mai. Jardar Havikbotn 17. mai-komiteen oppfordrar sambygdingar til å vera med i tog, både i båt og i bil/MC. 

Du treng ikkje berre feira årets 17. mai heime. Du kan bli med i Bokn båtforening sin båtparade kl. 10, og/eller i Bokn gatebilklubb sin bilkortesje kl. 11:30. I sistnemnde vil du også få gratis is, i krysset kyrkjebakken/Boknatunvegen. Det er Bokn idrettslag som står for dette.

Køyr om Knarholmen

Leiar Odd Kenneth Tollaksen i Gatebilklubben oppfordrar alle som vil vera med i bilkortesjen om å "stilla opp" ved å køyra om Knarholmen og nordover i Havnavegen. Gatebilklubben sitt toginnslag skal vera fyrst i kortesjen, og så kjem alle dei andre etter. Opplegget kan føra til nordleggåande bilkø frå Knarholmen til Alvestadkroken mellom kl. 11 og togstart kl. 11:30.

Spektakulær fontene

- Siste båt i båtkonvoien blir ein taubåt frå Kårstø, som skal laga ein spektakulær fontene. Det er svært viktig at båtar held avstand til denne på grunn av dei enorme vassmengdene som kjem opp i lufta, seier leiar i Båtforeningen, Kaj Arne Christiansen. Båtforeningen har lagt ut informasjon om båtkortesjen på facebooksidene sine.

På TVH

TV Haugaland har som kjent gjort fleire opptak i kommunen i samband med årets nasjonaldag. Kulturkontoret vil motta desse opptaka og legga dei ut på nettsidene våre til 17. mai. Redaktør Karen Hesseberg fortel at alle videoane kjem i sendinga deira som startar kl. 12 på sundag. Dei vil også bli lagde i nettarkivet deira.

Lokale krefter

Men me har også store planar om eigen nettsending frå start til slutt, med fokus på livestreaming, direkteintervju, lokalmusikk og anna lokalt stoff. 

Onsdag kjem endeleg program for 17. mai 2020. 

Les også:

I rute