Pga. koronasituasjonen vil dei fleste feira nasjonaldagen heime hos seg sjølv i år. Då må me sørga for å presentera det programmet som kan lagast til, på digitale plattformar.
I går kveld testa Armand Svendsen (video) og Wolfgang B. Ognøy (lyd) livestreaming ved Boknatun. Både musikantar, songarar og utstyr vann over iskald nordavind, og me er nøgde med resultatet. Ting skal sjølvsagt justerast på til den store dagen.
Dirigent og 17. mai-komitémedlem, Lillian Grønnestad fortel at Bokn musikkorps stiller med 25 - 30 stk. på 17. mai. I tillegg til at korpsmusikken er sikra, vil også May Jorunn Vatnaland og Håkon Sletten frå Boknakoret delta på arrangementet ved Boknatun - i tillegg til fleire, detaljer blir kunngjort seinare.
Ikkje tatt feil
Og viss du denne veka ser folk med flagg og i full 17. mai-habitt, er det ikkje fordi dei har tatt feil av den store dagen, men fordi TVH er i Bokn og gjer opptak til nasjonaldagen.