Bli med i Bokn Seniordans!

Bokn Seniordans møtest kvar tysdag kl. 15:30 - 17:30 i Bokn Arena Boknahåve eller Boknatun Allrommet.

Bildet viser Bokn Seniordans-medlemmer frå ei samling med alle seniordansegruppene i Nord-Rogaland. - Klikk for stort bileteBokn Seniordans-medlemmer frå ei samling med alle seniordansegruppene i Nord-Rogaland. Ragnhild Laupland

Me ønsker at fleire kan komma og vera med oss. Når nokre av oss er borte, blir ringen vår veldig liten.

Me har det veldig sosialt og kjekt, med ein halv time med kaffi, prat og litt å bita i.