Bli med Anton Akkar på Barnas Museumsstafett 2022!

haugalandmuseet.no Har du sett den store tanksen på Arquebus krigshistorisk museum, skattkista på Nedstrand bygdemuseum eller prøvd den nye leikeparken på Nordvegen historiesenter? Frå skuleslutt til skulestart kan du bli med Anton Akkar rundt på Haugalandet.

Av Tove Selås, formidlingsleiar Haugalandmuseet

Anton Akkar har mange armar og museet har mange avdelingar, og du kan bli med han og samle stempel til Museumskortet ditt. Museumskortet kan du hente på dei ulike musea og på turistinformasjonane.

På musea er det oppgåver å utføre; gå på skattejakt, løyse rebusar, lage din eigen Anton Akkar, male eit kunstverk eller kanskje noko du kan ta med heim.

Når skuleferien er over kan alle som har samla minst 4 stempel sende inn eit bilde av kortet til post@haugalandmuseet.no og merke bildet med namn og Barnas Museumsstafett 2022,  og då er ein automatisk med i trekning av hovudpremien.

Musea som er med i Barnas Museumsstafett er Karmsund folkemuseum, Dokken, Haugesund billedgalleri, Nordvegen historiesenter, Arquebus krigshistorisk museum, Vindafjordmuseet, Hiltahuset på Røvær, Bokn bygdemuseum og Nedstrand bygdemuseum. Les meir om programmet her: https://haugalandmuseet.no/arrangement/barnas-museumsstafett-2022/

Musea har ulike opningstider så sjekk heimesida til Haugalandmuseet http://haugalandmuseet.no slik at det ikkje blir bomtur. Her finn du og ut meir om kva aktivitetar du kan vere med på. Alle barn er velkomne i følgje med foreldre, besteforeldre, venner eller SFO-gruppe.

Lurer du på noko, ta kontakt med Haugalandmuseet tlf. 52 70 93 60

Velkommen til å bli med på Barnas Museumsstafett 2022!