Barnehagetur med el-vogn

Dei yngste i Bokn barnehage var 3. oktober på tur til Kongsbu, takka vera den nyinnkjøpte el-vogna i kommunen.

Bildet viser den nye el-vogna på dagsturhytta Kongsbu. - Klikk for stort bileteNy el-vogn på tur til Kongsbu. Gina Alvestad

Det var sju barn og tre tilsette frå Småtroll-avdelinga som gjekk til dagsturhytta den første fredagen i oktober. 

Pedagogisk leiar for avdelinga, Gina Alvestad, fortel at den nye elektriske vogna deira har plass til seks barn, difor bytta dei eldste barna på å sitja på og gå sjølve. 

-Me hadde niste og kakao med oss, og me naut eit godt måltid under høgtlesing inne i Kongsbu, seier ho.

Stor nytte

Barnehagen sin nye elektriske vogn er til stor nytte for dei tilsette i barnehagen.

-Me avlastar både armar og skuldre, og for barna sin del, gjer den nye vogna at dei yngste kjem seg lenger på tur, seier Gina Alvestad - og legg til at det nå er enklare å utvida barnas kjennskap til nærområdet.

-Nå kan me nytta vogna både til Kongsbu, på naturstien, i Trollskogen - og kanskje til og med Boknafjellet, avsluttar ein svært fornøgd pedagogisk leiar.