KI-generert bilde
Til våren startar vi balansegruppe for eldre, eit førebyggjande treningstilbod med fokus på styrke, balanse og trygg gange. Øvingane er tilpassa deltakarane og vert gjennomførte i eit trygt og sosialt miljø.
Kva får du ut av tilbodet?
- Betre balanse og gangfunksjon
- Auka styrke og tryggleik i rørsle
- Førebygging av fall
- Trening saman med andre i same situasjon
- Sosial møteplass med vaflar og kaffi
Tilbodet passar for deg som i hovudsak er sjølvhjelpen, men som har byrja å kjenne på endringar i balanse eller stabilitet.
📅 Oppstart: Torsdag 19.02.26
📍 Stad: Boknatun
📞 Påmelding / spørsmål: Erik Forthun Vatnem, 901 13 267
Ta vare på balansen – for ein tryggare og meir aktiv kvardag!