Sittande til venstre: Leif Vatnaland Nedrebø, Ylva Sørvik Hansen, Othelia Hognaland. Liggende på matta frå venstre:Margit Jøsang Tollaksevik, Heine Våga Tveita, Rakel Medhaug, Noella Hamre Hetland og Herman Våga. Myte Heimvik, Matheo Slettebø Eikemo og Maria Batsura var ikkje til stades då bildet blei tatt.
Henriette Lindanger
Av Henriette S. Lindanger
Babytreff er meir enn berre ei hyggeleg stund i permisjonstida – det er ein viktig arena for både foreldre og barn. For dei minste gir det tidlege møtet med andre babyar ein trygg start på sosial utvikling, der dei gradvis lærer å observera, samhandla og utforska i eige tempo.
For foreldre kan babytreff vera ei uvurderleg støtte. Å møta andre i same livsfase skaper fellesskap, avlastar kjensla av å stå åleine og gir høve til å dela erfaringar, bekymringar og gleder. Dette kan verka førebyggande mot både einsemd og stress, og bidra til betre psykisk helse i ein periode som kan vera like krevande som han er fin.
I dag var det ein flott gjeng som var samla i regi av helsestasjonen. Dermed måtte me prøva å ta eit fellesbilde av dei nye, flotte innbyggarane våre som me er så stolte over. Så langt i år er det fødd 11 nydelege barn i Bokn- og me gler oss til nye venner som blir fødde i månadene som kjem.