Alt klart til politisk debatt

DebattførebuingTo av kveldens debattantar, ordførarkandidatane Tormod Våga (SP) og Kari Christensen (AP) testa mikrofonane sine under førebuingane til "det store slaget". 

Tormod og Kari frå arrangementskomiteen er klare til innsats. Under rigginga tidlegare i dag fekk dei testa stemmane sine i mikrofonane. Mange er spente på oppslutninga.

- Eg trur det blir "stinn brakke", smiler Tormod.

Engasjementet rundt på bygda kan tyda på mykje folk. Folk bør ikkje vera for seint ute. Auditoriet har 90 faste stolar.

Les også: Kven trur du blir ordførar?

Sjå plakat her. (PDF, 263 kB)