Aktivitørstillinga

Seglemerket "Tå". - Klikk for stort bileteSeglemerket "Tå". Tom-Inge Aksdal Det har nå gått tre månader i eit flott prosjekt. Her er eit lite resyme.

Aktivitørstillinga er på 115%, fordelt på Kristin Eide 65% og May Jorunn Vatnaland 50%. Det starta ved årsskiftet, og er foreløpig eit 1 års engasjement. Håpet er at prosjektet blir vidareført, med tanke på helsegevinsten dette gir, spesielt i psykisk helse og trivsel.

Meiningsfull kvardag

Stillinga er lønna av koronamidlar, og målet er å gi ein meiningsfull kvardag, med gode opplevingar for både pasientar, brukarar og heimebuande eldre.

Det er mykje avgrensingar pga. korona. Det er krevande, då dette er eit koronatiltak. Me må halde oss til smittevern og restriksjonar som blir gitt til ei kvar tid. Vanskeleg nå ein boblar av idear.

Arrangement

Me har likevel hatt fleire arrangement for pasientar og brukarar, då i avgrensa størrelse, nettopp for å overhalde smittevern.

Det er gjerne me som tek imot pasientane om morgonen, når pleierane framleis er opptekne av stell. Då er det godt at nokon har tid til ein prat, lese avisa, gjerne dagens tekst, og sjølvsagt hjelper med måltida.

Oppgåva er å aktivisere, gjerne med trim, musikk, spel og ordspel. Nokon ynskjer kanskje framsyning av Bokna-Tv og gudstenester, osv. på nettbrett. Det er sett opp faste aktivitetar som bingo, kaffikos og visestund. Dette er fordelt inne på avdelinga og ute på dagsenter-stova. Best er det om dei kan få delta på tvers, då dei fleste er gamle kjente.

Les også

Meiningsfull kvardag

Mange aktivitetar

Det kan også nemnast besøkshund, trekkspel, diakon-møte med andakt/song og «vinduslykke» frå barnehagen. Her var og karnevalsopptog i februar, noko som ynskjast årleg. Me har hatt «before noon tea» i finstova, til stor glede for pasientane. Dette og i daglegstova for heimebuande.

Me hadde og planlagt påskelunsj. Dette blei beklagelegvis kun for bebuarar på sjukeheimen pga. full nedstenging igjen. I forkant hadde me påskeverkstad, og laga påskepynt.

Planar

Vidare er det planlagt hageparty, grillfest og blåturar når det berrevårast meir. Me vil også nytte syklane når våren kjem, eller berre trille tur utanfor slik at dei får frisk vårluft.

Det har vore nytta kommunebuss til shoppingtur, og ellers bilturar med pasientar. Det blir også nytta tid på enkeltpersonar til besøk, tur, trening, eller gjerne berre ein enkel telefonsamtale. Me er og behjelpelige med digitale tenester som t.d. FaceTime på nettbrett.

På vent

Mykje ligg nå på vent til meir opning av samfunnet, som t.d. om musikkskulen vil ha tid i samband med øving, andre med høgtlesing frå dikt og bøker.

Tida flyr. Dei fleste er nå vaksinerte, noko som gjer at me forhåpentlegvis snart kan vere fleire saman. Dette gir større moglegheit for dei «utanfor» til å få delta på fleire arrangement i framtida.

Me ynskjer større samhandling på tvers, der barnehagen for eksempel kan komma og delta, med mindre grupper ute, ved grilling e.l., kanskje ein felles tur med dagsenter, osv.

Har du lyst til å bli med, eller bidra med noko, kanskje trakte kaffi eller steike vaflar? Aktivitørane sett stor pris på om du tek kontakt med dei.


Kristin Eide tlf. 922 00467
May Jorunn Vatnaland tlf. 950 62 816