Meiningsfull kvardag

Seglemerket "Tå". - Klikk for stort bileteSeglemerket "Tå". Tom-Inge Aksdal Er du lei av korona? Føler du deg aleine? Saknar du kontakt? Bokn kommune har fått tildelt midlar som skal brukast til aktivitet og fellesskap for seniorar og eldre som bur i eigen heim i Bokn.

Meiningsfull kvardag

Me er to som er tilsette i prosjektstilling som aktivitør/miljøkontakt i 2021.

  • Dette for å aktivere og gi meiningsfulle kvardagar, og gi gode opplevingar.
  • Gjerne i sosial kontakt med andre.


I løpet av året vil me kunne invitere til arrangement/aktivitetar. Me ynskjer og å invitere frivillige til å bidra ved behov.

Kanskje ynskjer du ikkje å delta saman med mange andre? For nokon er det gjerne best med ein kaffiprat ein til ein?

Nødvendig smittevern skal bli ivaretatt etter gjeldande føringar under aktivitet.


Ta kontakt med oss om du er interessert.

Med helsing frå

Kristin Eide tlf. 922 00467
May Jorunn Vatnaland tlf. 950 62 816

Me ser fram til å skapa trivsel og glede.