Innbyggardialog
Friskus logo
Armand Svendsen
Plattforma har mellom anna ein flott og enkel kalenderpresentasjon. Her ligg ulike aktivitetar og informasjon som er oppretta av aktørar frå både Bokn kommune og frivillige lag og organisasjonar i kommunen.
I Friskus sin kalenderfunksjon kan frivilligheten i Bokn presentera seg på nettet, og samhandling mellom frivillige organisasjonar, kommune og innbyggarar blir enkelt og effektivt.
Enkle brukarfunksjonar
Registrerte brukarar i Friskus sparar mykje tid på å bruka programmet, spesielt i forbindelse med gjentakande aktivitetar. Slike arrangement treng berre opprettast ein gong, og arrangøren kan redigera inn bestemte dagar og klokkeslett når det måtte passa.
Programmet sørger også for at aktive, tidlegare og avlyste aktivitetar samt kladdar og fullførte oppdrag legg seg i eigne mapper og kan redigerast, slik at den same jobben ikkje treng gjerast fleire gonger.
I Friskus skal skal det vera enkelt for alle å delta på meiningsfulle aktivitetar – oppleva glede, tilhøyring og engasjement.