Aktivitetskort for barn og unge

Bokn kommune har ordning med aktivitetskort. Kortet er eit opplevingskort for barn og unge (0-18 år) frå låginntektsfamiliar i Bokn kommune, og gir gratis tilgang til kultur- og fritidsaktivitetar på Haugalandet.

Kortet er personleg med namn og bilde. Det gir også fri tilgang for medhjelparar over 18 år, som er med barn frå 0-13 år.

Søknad

Kortet frå i fjor går ut 1. juli. Dei som har aktivitetskort, må søka på nytt i år. Trykk under for å søka:

Søknadsskjema

For å få aktivitetskort må forsørgar ha lågare inntekt, etter skatt, enn følgande:

Einsleg forsørgar med eitt barn

kr 315 400

Einsleg forsørgar med to barn

kr 388 200

Einsleg forsørgar med tre barn

kr 461 000

Par med eitt barn

kr 436 700

Par med to barn

kr 509 500

Par med tre barn

kr 582 300

Par med fire barn og over

kr 655 100

Aktivitetskortet gratis inngang til:

  • Bading i Tysværtunet badeanlegg og Karmøyhallen
  • Edda kino i Haugesund, Karmøy kino og Tysvær kino
  • Haugaland Zoo
  • Nordvegen historiesenter
  • Rush trampolinepark Haugesund (gåvekort)
  • Sheiken Bowling & Biljard Haugesund (to bowlingseriar)
  • Vikinggarden Avaldsnes (inkl. Vikingfestivalen)
  • Alle arrangement i regi av Bokn kommune (inkl. Bygdekino)