Aktivitetsbord/Magisk bord

Fv. May Lisbeth Bosvik Fiskaaen, Grethe Heimvik, Reidunn Landråk frå Nedstrandstunet, Tove Høgemark (leiar LHL) og Bodil Egga (sekretær i LHL). - Klikk for stort bileteFv. May Lisbeth Bosvik Fiskaaen, Grethe Heimvik, Reidunn Landråk frå Nedstrandstunet, Tove Høgemark (leiar LHL) og Bodil Egga (sekretær i LHL). Linda Ognøy Bokn kommune ved pleie og omsorg fekk tysdag 08. mars ein sjekk på 75 000 kroner øyremerka innkjøp av «Magisk bord».

Av Grethe E. Heimvik

Det var leiar i landsforeininga hjarte- og lungesjuke (LHL) avdeling Tysvær og Bokn, Tove Høgemark som i førre veke ringde og fortalte om gåva, og inviterte til fest i Tysvær på sjølvaste kvinnedagen.

«Magisk bord» er ei teknologisk løysning med fleire spel som er tilpassa personar med demens uavhengig av alder. Ved hjelp av pengegåva kan vi nå kjøpe inn alt naudsynt utstyr, slik at vi får eit «Magisk bord» på avdelinga til glede for bebuarar, pårørande, tilsette og andre besøkande på sjukestova.

Utan pengestøtte frå LHL hadde vi aldri hatt økonomi til å gå til anskaffelse av denne type aktivitet, då Tovertaffel som er det eigentlege namnet på innretninga, kostar nesten 90 000 kroner utan mva.

Kva er Tovertaffel/Magisk bord?

Tovertaffel eller magisk bord er enkelt forklart ulike spel som vert tilgjengeleg for brukaren ved hjelp av ein projektor som heng over eit bord. På denne måten kan vi gi brukarane våre ein meir aktiv kvardag utan at vi treng mykje personalressursar.

Erfaringar frå mellom anna Klepp kommune viser at brukarane har stor glede av aktiviteten og at det gir mange gode opplevingar for brukarane, personalet og pårørande som kjem innom på besøk.

Det var Linda Ognøy og Helga Alvestad, styremedlemmer i LHL, som på vegne av oss i pleie- og omsorg melde inn behovet på styremøte i LHL, og i tillegg til Bokn sjukestove fekk både Aksdalstunet og Nedstrandstunet overrekt kvar sin sjekk på 75 000 kroner. Vi vil saman med Tysvær legge inn ei bestilling på totalt tre projektorar, ein på kvar sjukeheim.

Les meir om magisk bord her